Per Flatøy

Per Flatøy er fødd i 1946 på Stord. Busett i Sagvåg på Stord der han har eige atelier og galleri. Er utdanna ved Norsk Kunsthandverksskule 1970-71. Har seinare studert maleri og tresnitt hos framståande, kjende biletkunstnarar.

Gjennom ulike teknikkar og materialval ynskjer han å formidla inntrykk og idear. Desse hentar han ofte frå naturen eller møte med menneske. Motivvala er alt frå dyr, menneske, hus, landskap, himmel og hav eller kanskje ein morosam ide.

I dei tjuefem åra han har drive som biletkunstnar, er arbeida hans innkjøpte av m.a. kommune, fylkeskommune, ulike verksemder, skular og private. Han har bak seg ei rekke separat- og kollektivutstillingar og fleire utsmykkings-oppdrag. Årets sildajazzkunstnar under den internasjonale jazzfestivalen i Haugesund 2009

Medlem av Norske Grafikere og Norske Billedkunstnere.

Vis nettside

Viser 1–30 av 88 resultater

Viser 1–30 av 88 resultater