Skip to main content
Betaling - Trygg handel med Vipps og kort
Levering - Vi sender til hele Norge med Posten
Kvalitet - Nøye utvalgt kunst fra norske kunstnere

Åse Vikse – Gamle Haugesund

2500,00 kr

1 på lager

* Prisene inkluderer MVA og eventuelt tillegg for frakt. Detaljer om frakt kan finnes her.

Beskrivelse

Åse Vikse –  Gamle Haugesund

Opplag: 3/9.      Teknikk: Tradisjonelt høgtrykk med reduksjonsmetoden

Motivmål: 27,5 * 21 cm

Mitt formspråk er svært knytt til kystlandskapet kor eg vaks opp, noko som kan sjåast i verk som t.d. ‘Gamle Haugesund’, ‘Brilliant’, og ‘Johan’. Teknikken brukt i desse er tradisjonelt høgtrykk med reduksjonsmetoden. Mi interesse for historiske bilete viser seg i ei tematisk tilnærming til funne bilete, eller ‘found imagery’. ‘Gamle Haugesund’ har motivet sitt henta frå linsa til Haugesunds første hobbyfotograf Severin Malmin (1867–1947), og fangar det kvardagslege og vanlege i kystbebuerane sine liv på byrjinga av 1900-talet. I slike foto er folk og gjenstandar sjeldan oppstilt, og dersom dei er det, er det for å skildra dei i sin eigen kontekst, slik som gjengen på skøyta ‘Brilliant’ (ukjend fotograf), og min morfar Johan (også ukjend fotograf) på veg til eller frå ‘fiskje’. Det er dette eg ynskjer å gjengi i verka mine – dei små, tilfeldige menneska. Gigantane, som gjekk føre oss i dette landskapet.

Lagerstatus

På lager